Truede tvillingriker

1648-1720

Bind 3 i verket "Danmark-Norge 1380-1814" har tittelen "Truede tvillingriker" og dekkjer tidsrommet 1648-1720. Det sentrale emnet for bandet er innføringa av eineveldet og grunnfestinga av denne styreforma under dei tre første kongane.

Eineveldet kom som svar på ein gigantisk trussel. På det mørkaste under Karl Gustav-krigane 1657-1660 var den oldenborgske staten redusert til ein kringsett og hardt pressa hovudstad og eit trengt nordrike. Staten var på randen av utsletting. Med freden i 1660 kom så den store statsforandringa. Eineveldet tvinga seg fram som ei vidareføring av den "maktstaten" som danske historikarar har døypt han. Det skjedde ei politisk styrking og ein omfattande administrativ reform. Ein skal merka seg at i samtida vart den eineveldige styreforma oppfatta som effektiv, målretta og heva over snevre gruppeinteresser. Ho var veleigna for den ressursmobiliseringa som rivaliseringa mellom statane kravde. Det ser vi i dei fylgjande tiåra ved at skattetrykket vart halde høgt samstundes som utlikningsmåtane vart forbetra. Også inntektene av toll vart drivne opp, men her øvde rett nok sjømaktene Nederlanda og England eit motpress. Godt halvparten av statens inntekter gjekk til væpning og vedlikehald av hær og flåte, og i to store omgangar til krigsinnsats. Det var under Den skånske krig 1675-1679 og Den store nordiske krig 1700-1720.

Den eineveldige forfatninga påverka foreininga mellom Danmark og Norge. Det har vore vanleg å seia at med bortfallet av det danske riksrådet tok også Norges lydrikestatus slutt. Ein snakkar om to likestilte tvillingrike under den same eineveldige monarken. Det nye regimets vilje til å skapa ein logisk administrativ struktur skulle også ha ført til større uniformering mellom rika. Då er vi framme ved det første spørsmålet vårt: Finn vi verkeleg likestilling og uniformering på det området som la beslag på største delen av statens ressursar, nemleg militærvesenet og krigføringa?

Den aggressive parten

Eit par ord om perspektivet først. Like fram til byrjinga av 1600-talet var Danmark den førande makta i Norden. Men så segla Sverige opp som europeisk stormakt, og frå Christian 4. til Frederik 4. måtte Danmark forsvara seg med ryggen mot veggen, slik vi nett har høyrt. Striden mot overmakta sveisa Danmark og Norge saman. Først etter Den store nordiske krigen i 1720 var Sverige så politisk og militært svekka at ein fredeleg sameksistens vart mogeleg.

Men denne utlegginga blir litt problematisk når ein samstundes høyrer om dansk-norske forsøk på å vinna tilbake dei landområda som var tapt til Sverige i 1645 og 1658/60. Derfor vågar eg å setja eit skilje nettopp i 1660. Fram til den tida var tvillingrika verkeleg trua. Perioden frå 1660 til 1720 er derimot prega av revansjisme, og Danmark-Norge kan beintfram oppfattast som aggressor i høve til grannestaten.

To hærar i ein stat

Krigsmakta vart utvikla i den eldre perioden då den svenske trusselen bygde seg opp, og det skjedde med ei defensiv målsetting. La oss skissemessig presentera hær og flåte i dei to statsdelane. Danmark hadde ein verva hær som var supplert med ein utskriven. Rytteriet hadde relativt stor plass. Frå midten av 1600-talet kom det i gang ei omfattande festningsbygging, vesentleg konsentrert til København og til austlege pyntar av Jylland. Flåten var felles for Danmark og Norge, og ein stor del av mannskapa vart henta frå Norge, men basen var i København. Målsettinga for hæren var å hindra fiendtlege styrkar i å trengja opp i Jylland samt å danna landforsvar for Øyane og spesielt då København. Flåten skulle gjennom herredøme i danske farvatn gjera ein invasjon på Øyane umogeleg i første instans. Han skulle også forstyrra svensk samband mellom moderlandet og besittelsane i Tyskland. Så til Norge. Den norske hæren var i hovudsak utskriven, og dei verva mannskapa gjorde lite av seg. Rytteriet var beskjedent. Også her skjedde det etter kvart omfattande festningsbygging, og det meste i grenseområda til Sverige. Norge hadde ein liten skjergardsflåte. Målsettinga for det norske forsvaret var å hindra svenske innfall mot Austlandet og Trøndelag.

Skilnadene mellom dei to statsdelane var altså store. Hæren i Norge kosta berre ein fjerdepart av den danske, men ein god del av mellomlegget var i røynda ei tyngsle på dei norske bøndene. Fellesflåten fungerte som om han var dansk. Men den tilsynelatande forskjellsbehandlinga er logisk nok. Lengre oppmarsjtid og færre festningar gjorde dei kostbare verva soldatane mindre nødvendige i Norge. Det kunne heller ikkje vera tvil om at dei strategiske farvatna for flåten låg sør for Skagerrak. Ulike vilkår dikterte med andre ord ulike løysingar, og slik heldt det fram også etter 1660. Men då skjedde det altså etter vår oppfatning ei omlegging frå defensiv til offensiv strategi.

Krigsstrategier

Korleis kan ein argumentera for påstanden om eit aggressivt Danmark-Norge under det tidlege eineveldet? Historikarane meiner å ha lese to målsettingar ut av dansk utanrikspolitisk retorikk og handling i tida etter 1660: Gjenerobring av dei tapte danske og norske landskapa, og svekking av det svenske strategiske nærveret i hertugdøma og Nord-Tyskland. Målsettingane vart borne inn i tre væpna konfliktar: Den skånske krigen (i Norge kalla Gyldenløvefeiden) 1675-1679, den korte opninga av Den store nordiske krigen i 1700, og den eigentlege krigsperioden 1709-1720. Alle desse konfliktane har kompliserte forspel med trekk og mottrekk, men dei eigentlege krigshandlingane vart alle tre gongene starta av den oldenborgske fyrsten. Slik sett er det ingen tvil om kven som var aggressor.

Sjølve dei militære operasjonane har også sitt å fortelja. I Den skånske krigen sikra den dansk-norske flåten seg overtaket i Østersjøen og kunne dekkja invasjonar på Gotland og i Skåne. I den stutte krigen i 1700 glapp sjøherredømet då Nederlanda og England gjekk aktivt inn på svensk side. Men i 1709-10 var flåten atter i stand til å skjerma dansk landgang i Skåne, og i 1716-1720 kunne fellesflåten også spela ei sentral rolle i nordlege farvatn då den svenske militære hovudinnsatsen vende seg mot Norge. Operasjonane til lands viser same mønster i alle dei tre krigane. Krigshandlingane starta i Svensk Pommern i 1675, i Holstein i 1700 og i Skåne i 1709. Primærfronten tenderte til å liggja i sør. Men kvar gong vart det oppretta nye frontar for å binda motpartens styrkar. I Den skånske krigen vart det retta åtak mot Båhuslen i 1675 og mot Skåne og Jemtland året etter. Hendingane i 1700 gjekk for fort til at sekundærfrontar kunne koma i stand, men i den neste krigen kom Båhuslen med i 1709 og hertugdøma og Nord-Tyskland i 1711. Det er svært viktig å understreka at bortsett frå 1700 føregjekk samtlege krigshandlingar på fiendens grunn. Jamvel der denne grunnen tidlegare hadde tilhøyrt Danmark eller Norge, vart det nytta brutale metodar for å skaffa hærane underhald. Dette støytte lokalbefolkninga bort. Slik sett bar "gjenerobringa" sin eigen fallitt med seg.

Gode og dårlige allierte

Det er også påfallande at krigane heile tida fekk eit utfall som ikkje stod i stil med den dansk-norske militære innsatsen. Krigen 1675-1679 var ein militær suksess sjølv om Skåne ikkje vart fullt okkupert. Ved slutten av konflikten hadde den oldenborgske fyrsten hand om Gotland, Båhuslen og fleire støttepunkt i Skåne. Likevel gav fredsoppgjeret null vinst. Konfliktane i 1700 og 1709-1720 var ei blanding av militær suksess og nesten katastrofe, det siste demonstrert ved dei svenske åtaka på København i 1700 og Norge i 1716 og 1718. Ikkje desto mindre vart fredsslutninga gunstig med økonomisk erstatning frå Sverige og territoriell og politisk svekking av den gottorpske hertugen. Kvifor dette spriket mellom krigs- og fredsutbytte?

Svaret ligg i alliansane og spesielt forholdet til sjømaktene Nederlanda og England. Fram til byrjinga av 1680-åra hadde Danmark-Norge hatt Nederlanda som fast forbundsfelle. Dette garanterte den flåtedominansen som var fundamentet for den dansk-norske militære suksessen. Men utbyttet glapp fordi fredsoppgjeret tok form av separatfredar som meir eller mindre vart dikterte av den europeiske hovudmakta, Frankrike. Den danske utanriksleiinga var tilsynelatande rask med å ta dei praktiske lærdomane av dette, for i 1682 gjekk den oldenborgske staten over frå sjømaktenes til Frankrikes leir. Denne alliansen vara fram til etter den korte krigen i 1700, rett nok i form av eit slags nøytralitet frå 1687. I ettertid må ein karakterisera dette som eit merkeleg dobbeltspel. København mottok betydelege franske subsidiar på same tid som danske troppar vart utleigde til den andre parten, sjømaktene og til den tyske keisaren. Støtta frå Frankrike gjorde det mogeleg å angripa dei handelsfordelane som Nederlanda hadde hatt i Danmark-Norge sidan 1640-åra. Dette var også i norsk interesse. Men det meste slo feil, først handelskrigen og dinest rekkja av forsøk på dansk innblanding i hertugdøma og Nord-Tyskland. Aksjonen mot Hamburg i 1686, Altona-forliket i 1689 og Pinnebergkonferansen frå 1696 var etappar på vegen fram til krigen i 1700, der den nederlandske flåten slo ut den danske og let svenske styrkar invadera Sjælland. Då stod den utanrikspolitiske feilsatsinga heilt klart for den nye kongen Frederik 4. I dei fylgjande åra manøvrerte han Danmark-Norge tilbake i forbund med sjømaktene. Dette gav omsider uttelling ved fredsslutninga i 1720.

No er det på tide å dra trådane saman til ein langtrekt konklusjon.

Norske bragder i Danmarks krigar

I heile tidsrommet 1660-1720 tente utanrikspolitikken, både den diplomatiske og krigerske, prinsipalt Danmarks interesser. Hovudmålet var å fjerna den svenske innverknaden og sikra eigen kontroll i det nord-tyske området. Gjenerobring av tapte danske og norske landområde låg meir i forlenginga av dette målet og vart først og fremst aktivert under dei væpna konfliktane med Sverige. Gjenerobringa var freistande å utnytta retorisk, for kva andre område var aktuelle å invadera enn nettopp Skåne og Båhuslen når ein skulle føra offensiv krig mot Sverige? I den grad gjenerobring var eit sekundært mål, var også Norges interesser andrerangs i den felles utanrikspolitikken. Men ein kan heller ikkje unnlata å nemna eit eklatant avvik frå dette hovudmønsteret i åra etter 1716, då Norge stod i sentrum.

Utviklinga gjekk i retning av noko større samordning av krigsinnsatsen i dei to riksdelane: Frå norsk synsstad var den negative sida ved dette dei einsidige mannskapsoverføringane til ein fellesflåte som lenge nesten utelukkande hadde oppgåver i danske farvatn. Men også dette skulle endra seg frå 1716, då flåten opererte på båhuslenskysten og i tett samvirke med den norske hæren. Også landstridkrefter vart lenge einsidig flytta frå Norge til Danmark. I 1713 og 1715 vart 5000 norske soldatar overførte sørover. Men med det svenske åtaket i 1716 snudde straumen. 4000 norske vart skipa heim att, dansk befal stramma opp den norske utskrivingshæren, og fram til utgangen av 1717 var 8-9000 danske fotsoldatar og ryttarar komne til Austlandet. Endå fleire fylgde i 1718. I tillegg til operativt samarbeid kan ein kanskje sjå norske erfaringar bak den danske militære reformen av 1701, som styrkte den utskrivne komponenten i hæren.

Trass i denne trenden: Eit klart skille mellom den danske og den norske hæren i oppsetning, operasjonar og krigsteater gjorde at ein felles identifikasjon ikkje kom i stand. Den norske hærens merittar vart opplevde som norske av opinionen i nordriket. Jamvel fellesflåtens bragder vart "norske" under Tordenskjold.

Så kan ein spørja seg om militærvesenet viser trekk som var typiske også for andre sider ved foreininga. I utgangspunktet er det fellesskapen som spring i augo. Kommandolinene løper saman hjå statsleiinga i København, og krigsmakta i begge statsdelane blir brukte i ein strategi der hovudlandets interesser er utslagsgivande. Men ved nærare ettersyn oppdagar ein at det i stor grad er teke omsyn til dei særeigne forholda på kvar side av Skagerrak. Hærane var organiserte forskjellig, og i felten opererte dei som nærepå sjølvstendige einingar. Det låg derfor nært for at kvart folk skulle identifisera seg med "sin" hær og "sin" kamp. Det var berre det at vilkåra for ein slik identifikasjon var vesensulike i Danmark og Norge. I den danske hæren var det eit stort innslag av verva og utanlandsfødde mannskap, mens den innfødde kontingenten dominerte i den norske. Her er eg komen fram til ei gamal historikarsanning: Oppslutninga kring hæren og krigsinnsatsen var ulike mykje større i Norge enn i Danmark, og uttrykte norske holdningar innanfor norske referanserammer. I 1720, 60 år etter innføringa av eineveldet, var det råd å seia at tvillingrika ikkje var så nærskylde likevel: Som tvillingar var dei ikkje siamesiske, og neppe heller einegga.

Er dette eit negativt funn innanfor eit prosjekt som skulle sjå statsdelane i samanheng og såleis forsøka å gripa eit nivå som har gått tapt i den nasjonsbaserte historieskrivinga? Ikkje nødvendigvis. Konstatering av svak overbygning er også eit viktig resultat.

Nyhetsbrev

Du er påmeldt vårt nyhetsbrev!

Lukk
Schæffergården Lysebu